Skarsvegen

Hjartdalsbygda Bygdesentralen Bygdeblad Aktivitetar Linkar Innhald

 
 

 

 

 

 

 

 

 

Skarsvegen

 

Skartsvegen er den gamle bygdevegen frå Bakkemoen i Svartdal til Fossheim i Åmotsdal, og var offentleg veg fram til slutten av 1860-åri då ein ny veg om Dyrlandsdalen var ferdig. Skarsvegen har vore ei viktig ferdselsåre langt attende i tid. Den er ein forlenga arm av Hardingslepa og har såleis vore ein viktig drifteveg. På 1700-tallet nytta vestlendingane denne vegen når dei kom over fjellet til marken på Møsstrond og Rauland.

 

Nord-Skare

Nord-Skare ligg framom den karakteristiske Skarsnuten. Dette er ein gamal gard og funn av pil frå steinalderen tyder på Nord-Skare framom SkarsnutenSkarstjønni (624 moh.)at det har vore folk i området langt attende i tid.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Fleire kjende folk har nytta Skarsvegen; Hans Nilsen Hauge, Hans Jacob Wille, Hans Landstad og Magnus Brostrup Landstad. Magnus Brostrup Landstad var sokneprest i Seljord frå 1840 til 1848, og for mange gonger Skarsvegen over til Åmotsdal. I diktet ”Aneksreisen” skildrar han ein slik strevsam tur på veg til kyrkja i Åmotsdal for om lag 150 år sidan:

 

”Er du saa Aasebrekken og Svardalsrøysen klar du spørger: Mon de Bakker dog ingen Ende tar?

De fjerdingslange Kleiver sig strekke op mod Sky, just som den ene ender du atter har ein ny”.

Text Box: ”Er du saa Aasebrekken og Svardalsrøysen klar du spørger: Mon de Bakker dog ingen Ende tar? 
De fjerdingslange Kleiver sig strekke op mod Sky, just som den ene ender du atter har ein ny”.
 

Vegen blir i dag mykje nytta som turveg og lokalhistorikaren Harald Aakre har skrive bok om vegen og historia rundt gardar og plassar som ligg attmed vegen (Sjå boka ”Husmannsplassar i Svartdal. Harald Aakre 1996). Skarsvegen har Statens vegvesen foreslått som verneverdig med høg prioritet. Dette er ein tur som kan anbefalast!

 

Hjartdalsbygda ]

Send e-post til webmaster@hjartdalsbygda.no med spørsmål om eller kommentarar til dette Web-området.
Copyright © 2003 Hjartdalsbygda
Sist endret: 24 september 2012