Hjartdal Idrettslag

Hjartdalsbygda Opp Bygdesentralen Bygdeblad Linkar Innhald

 
 

 

 

Opp

 

 

 

 

 

Hjartdal idrettslag er eit lite, men aktivt idrettslag. Me har ca. 150 aktive medlemmer og dugnad er vesentleg for drifta av laget. Nyleg har idrettslaget bygd om og fornya Bergtun, bygdas felleslokale. I tilknytning til Bergtun ligg Idrettslagets fotballbane som er 40x60 meter og er heimebane for HIL sine lag frå 2. klasse t.o.m. 7. klasse. Fotball for ungdomsskulebarna kjøres i samarbeid med Sauland IL. Det finst også ei gruppe med Old-boys-spelarar som trenar på Bergtun.

Aktiviteten i laget er knytta opp mot barne- og ungdomsaktivitetar, men HIL har også tilbod til vaksne. Tradisjonelt er ski, fotball og hopp hovedaktivitetar. HIL utvidar gjerne tilbodet og nyleg er Zumba blitt ein populær aktivitet. Barneidretten gir eit variert tilbod gjennom haustsesongen, men lysløpa samlar mange gjennom vintersesongen. I fjellet tilbyr idrettslaget omlag 50 km gode skiløyper i skogs- og fjellterreng. Som nokon av dei fyrste har HIL arrangert skicross som konkurranseform i fleire år, eit poplært alternativ til vanleg langrenn. HIL vil gjerne bidra til auka aktivitet i eige naturvakre område og ynskjer å tilby både felles fjellturar og trimturar i bygda.

For meir informasjon, sjå idrettslagets eiga nettside. www.hjartdalil.no

 

Hjartdalsbygda ] Opp ]

Send e-post til webmaster@hjartdalsbygda.no med spørsmål om eller kommentarar til dette Web-området.
Copyright © 2003 Hjartdalsbygda
Sist endret: 24 september 2012