Bleka Gruver

Hjartdalsbygda Opp Bygdesentralen Bygdeblad Aktivitetar Linkar Innhald

 
 

 

 

Opp

 

 

 

 

 

HISTORIA OM BLEKA GRUVER

Gullforekomsten ved Bleka gullgruve vart funne i slutten av 1870-åra. Her var det drift frå 1882-1901 av det franske gruveselskapet Compagnie Francaise des Mines de Bamle, og i perioden 1933-1940 av AS Bleka gruber.

Halvor Kjetilson Barstad (1845-1934) var den fyrste som tok ut prøver av metall frå fjellgrunnen i Bleka. Barstad var bergverksarbeidar  i det franske gruvekompani i Bamle.  Ein mann ved namnet Knutsen frå gruvebyen  Kongsberg ordna formalitetar for å kunne ta ut skjerp som seinare vart seld til det same franske gruveskompaniet kor H.K. Barstad hadde arbeid. 

K. Kostka var Administrerande direktør og budde i administrasjonsbygningen ved gruvene. I 1897 vart det bygd smeltehytte og veg opp til gruvene. Kompaniet drev gruvene i om lag 15 år over tre periodar.   På det meste hadde gruvene ein arbeidsstyrke på 80 mann. I den tredje perioden var det ca 25 mann ved verket.

Det franske gruveselskapet tapte vel ein halv million på drifta ved Bleka gruver. Selskapet selde gruvene og eigedommen Blika til advokat Cappelen i 1916 for 15 000kr. I den tida Cappelen hadde gruvene vart mykje utstyr flytta frå Blika til Dalen. Cappelen selde eigedommen vidare til ingeniørane Heide og Vegger i Sandefjord for 70 000kr. Omkring 1920 har grosserar Werner i Bergen kjøpt Bleka gruver og eigedommen for 100 000kr.

Fram til 1930 stod husa på gruva slik dei gjorde på den tida det franske gruveselskapet hadde drift her. Hovudbygningen var langstrakt. Bygningen var påkosta innvendig, men ikkje særskild fin utvendig. Her  låg protokollar og rekneskapsbøkar etter franskmennenes drift. Søren Høgetveit frå Hjartdal var murar og Eivind Haugstoga stod for mykje av snikkerarbeidet på hovudbygningen. I maskinhuset stod motorane og knusemaskina på sin plass i 1930. Reiskap, spader, hakker og grev låg i haugar kvar for seg. På spiker på veggene hang lange rekker med gamle gruvelamper og på eit stort bord låg det diglar og smelta malmklumpar. I smia var det minebor og i smeltehytta kunne ein sjå smelta og usmelta malm. I et skur nær smeltehytta vart det lagra koks som ble brukt som fyringsmiddel.

Hans Helgesen var oppsynsmann. Han budde på Svartdal og hadde løn frå det franske gruveselskapet for å ha tilsynet med gruva og vedlikehald på bygningane. Etter at Helgesen slutta som oppsynsmann, omkring 1913, tok husa og området til å forfalle.  Gruveinngangane grodde att med kratt og skog og den gamle flaggstanga på Flaggstanghaugen stod utan flagg.

 Ingeniør Halvard Dale og bergmeisteren for Telemark, Rieber, tok nye prøver og analyser  av bergverksførekomstane i malmhaugar som låg usmelta frå tidligare drift omkring 1930. Ingeniør Arthur Lewin gjorde også undersøkingar. Resultatet var gunstig og i 1933 vart det drift ved gruva att. Direktør Alf Frantzen stod for drifta denne gongen. Gruva vart organisert til aksjeselskapet A/S Bleka Gruber. Staten løyvde 300 000 kr til drifta. Halvor Haugsvold var maskinist og Halvor Bleka var smed og snekkar.

Et flotasjonsvaskeri vart bygd for å skilje ut gull og andre edle metall. Malmen vart handskeidet, vaska, og konsentratet vart sendt til Tyskland.  Det vart sendt 2 kg reint gull til Norges Bank frå Blika-gruvene i 1930-åra.  I 1937-38 var det 17-18 tilsette ved gruva. Paul Omholt frå Kongsberg sølvverk leigde drifta på Bleka i åra 1939-40. Drifta tok raskt slutt da krigen starta.

Ei natt i 1957 brann hovudbygningen  ("ingeniørboligen") ned til grunnen. Alle opplysningar om drift og arbeidsgang frå tida då gruvedrifta starta vart borte i brannen. Eit sørgjeleg tap og folk i grenda syntest at dette var ein mystisk brann.

 

Litteratur:

Aakre Harald. 1996. Husmannsplassar i Svartdal

Aasbø Hallvard. 1974. Bleka gruver i Svartdal. Skien-Telemark Turistforenings årbok 1973-74.

Kvaalen Olav. Seljord-kalenderen 1988

Eit gamalt prospektkort syner dei mange driftsbygningane ved gruvene. Mannen på bilete kan vera Hans Helgesen som budde på Sud-Svartdal ved århundreskiftet, og hadde tilsyn med gruva (Kjelde Seljord Sogelag).

 

 

 

 

 

 

Gamle driftsbygningar ved gruvene. Det nærmaste vart bruka til å lagre malm i. Bakom ligg maskinhuset. Til høgre for dette ligg ein garasje og lengst til høgre ligg eit gamalt eldhus.

 

 

 

 

 

 

Arbeidsfolk utanfor eit innslag ved gruvene. På toppen her stod ”Steinhuset” eit hus der stein vart knust med ein hammar. Huset lengre ned var smie for å laga reiskap.

 

Hjartdalsbygda ] Opp ]

Send e-post til webmaster@hjartdalsbygda.no med spørsmål om eller kommentarar til dette Web-området.
Copyright © 2003 Hjartdalsbygda
Sist endret: 24 september 2012