Svartdal

Hjartdalsbygda Opp Bygdesentralen Bygdeblad Aktivitetar Linkar Innhald

 
 

 

 

Opp

 

 

 

 

 

SVARTDAL

Svartdal ligg i Seljord kommune i Telemark og er eit lite dalføre med småbruk i ei slak  sørvesthelling. Dalføret tek til  vest for Ambjørndalen, nær grensa mot Hjartdal kommune. Fyrste garden i grenda er Kåsi (375 m o.h.). Frå Kåsi svinger Svartdal vest til Brekka og vidare om lag 5 km inn til garden Nørsteteig – ”den nørste teigen” i Svartdal (720 m o.h.). I fyrste del av grenda fylgjer vegen i Svartdal Svorteåi (om lag 450 m o.h.). 

  Etter kvart som dalen vert smalare klatrar vegen høgare opp i lia. Frå vegen gjer mindre gardsvegar korte avstikkarar til gardsbruka i dalsida. Ned for Nørsteteig møtast åi frå Åsdalen og åi frå Minnesjorddalen i Hysingjuvet. Dalføra Åsdalen og Minnesjorddalen høyrer inn under området Svartdalheiene som ligg innafor landskapsvern-området Brattefjell Vindeggen.

 Frå vikingtida og fram til 1500 tallet er det lite å finne om busetjinga i Svartdal. Fyrst i 1547 er namnet ”Suartdall” nemnt i skriftelege kjelder (Flatin 1954). Av fornminner (kulturminne eldre enn 1537) er det registrert ein spydspiss og  ljå frå merovingertiden (550-800 e.Kr) på  garden Su-Blika, og ein pilespiss frå steinalder på Skaret (database hos oldsaksamlinga i Oslo; www.dokpro.uio.no). H. J. Wille omtalar i boka ”Beskrivelse over Sillejords Præstegjeld”, ein gravhaug på garden Haugsvold i Svartdal.

I Svartdal i dag bur det om lag åtti personar og fleire av desse er barnefamiliar. Det er 35 gardsbruk i grenda og fast busetjing på 17 bruk. Dei andre bruka vert flittig nytta i helg og fritid. Svartdal er ei grend med eit særs verdifullt kulturlandskap. Rasjonaliseringa med storstila oppdyrking av kulturlandskapet dominerer ikkje i Svartdal. Her er det framleis mykje gamalt kulturlandskap intakt, som eit resultat av tradisjonell drift som har vore oppretthaldt i særs lang tid. Saman med Hjartdalsbygda vart Svartdal ominert til UNESCOS internasjonale kulturlandskapspris i 2003.

I grenda er det elles bedehus og kapell, og Telemarks einaste gullgruve, Blika gruver,  var i drift er frå 1882-1900 og 1933-1940. I 1930 åra vart det send 2 kg reint gull til Noregs Bank frå Blika.

 

Landbruk og kulturlandskap

I Svartdal har det vore husdyrhald langt tilbake. På gardane hadde dei hestar, kyr, sau, geiter og gris, og det vart dyrka bygg, jordeple og gras (Flatin 1954). Som andre stader har det vore nedgang i husdyrhald etter omlegginga i landbruket. Det er kring 35 gardsbruk i grenda og pr i dag er det to som driv med kyr, fire som driv med sau og nokre som har hest. Kulturlandskapet i Svartdal er særleg verdifullt. I perioden 1991-1994 vart det gjennomført ei nasjonal registrering av verdifulle kulturlandskap i Noreg. Ved denne registreringa vart Svartdal i Seljord prioritert som eit av 5 viktige områder i heile Telemark.   Grenda har gamle bygningar, steingjerde, røyser, bakkemurar, lauvingstre, verdifull kulturmark og gamle ferdselsårer.    

 

UNESCO-nominasjon

Seljord kommune og innbyggjarane har gjennom stort engasjement og mykje arbeid tatt ansvar for å halde kulturlandskapsverdiane levande i Svartdal. For dette vart Seljord saman med Hjartdal kommune nominert av Miljøverndepartementet som Norges kandidat til "Melina Mercouris internasjonale kulturlandskapspris 2003". Prisen som delast ut av UNESCO, går til gode dømer på sikring av viktige kulturlandskap.                                                                                  

 

Biologisk mangfald

SøstermarihandDei gamle urterike slåtteengene i grenda kor det ikkje vert gjødsla eller nytta store landbruksmaskiner gjer området særleg viktig og verd å ta vare på. I slåtteengfloraen i  Svartdal finn ein truleg noko av landet sine mest individrike førekomstar av orkideen søstermarihand, Dactylorhiza sambucina. Søstermarihand er fylkesblomen i Telemark. Utifrå desse kvalitetane er kulturlandskapet i Svartdal ein unik representant for det historiske kulturlandskapet med både kulturminneverdiar og store naturverdiar. På bakgrunn av den botaniske artsrikdomen og strukturane i landskapet vart Svartdal difor saman med Hjartdalsbygda nominert til UNESCOS internasjonale kulturlandskappris i 2003.

 

ApollosommarfuglDei artsrike slåtteengene i Svartdal har og eit stort mangfald av insekt og særleg sommarfuglar. I Svartdal er det gjort forskingsarbeid på sommarfuglar der mellom anna dei sjeldne artene svalestjert, Papilio machaon, og apollosommarfugl, Parnassius appollo, er registrert (Fjellstad, 1998). Mange insekt er sterkt spesialisert og er avhengig av plantesamfunn i gamal kulturmark. Omkring 60% av dagsommarfuglane er knytt til kulturlandskap (Norges Bondelag, 1977).

 

Urterike slåtteenger

 

I slåtteengene i Svartdal kan ein finne orkidear, mellom anna brudespore, kvitkurle og søstermarihand i saman med fleire andre sjeldne og verdfulle arter som høyrer til i gamal slåttemark.

 

Hjartdalsbygda ] Opp ]

Send e-post til webmaster@hjartdalsbygda.no med spørsmål om eller kommentarar til dette Web-området.
Copyright © 2003 Hjartdalsbygda
Sist endret: 24 september 2012