Bondeopprøret

Hjartdalsbygda Bygdesentralen Bygdeblad Aktivitetar Linkar Innhald

 
 

 

 

Opp
Spelet om bondeopprøret

 

 

 

 

 

Bondeopprøret i Ambjørndalen i 1540

Ved kyrkja i Hjartdal står ein minnestein over bondeopprøret i 1540.  Steinen er eit minne om ei dramatisk og tragisk hending då bondhæren  brutalt blei slått ned av kongens hær etter først å ha lagt ned våpen mot løfte om fredstingingar. På prestegarden blei fem av førarane for bondehæren  halshogd  med den sjette som bøddel. Alle bøndar i fleire prestegjeld måtte betale harde bøter for å ha trossa kongens bod om ulike ytingar til kongens bergverksfolk ved Sundsbarm gruver.

Bakgrunnen var at det 80 år før sølvfunna på Kongsberg og 100 år før kopardrifta ved Røros var funne kopar og sylv ved Sundsbarmvatnet. Etter at Hamarbispen Mogens hadde fått skjerpeløyve i 1524. tok kongen sjølv over gruvedrifta i 1537 året. Han sendte tyske bergverksfolk for å drive gruva og med kongebrev i hand la dei harde tyngslar på lokalbefolkninga om leveranse av mat, brensel, transport m.m. Bergverksdrifta blei eit alvorleg åk og misnøya voks seg farleg sterk.

Telebøndene kunne ikkje lenger finne seg i åtferda frå dei framande. I mange hundre år hadde telebonden vore sjløveigar og herre i eige hus, stort sett utan innblanding frå styresmaktene. Øvre Telemark blei kalla skattlandet. Dei fekk eigne ordningar i høve skatteordningane og dei lokal tingrettane hadde stort sjølvstende. Det blei no stor misnøye med innføring av kongeskatt, bergverksdrifta og reformasjonen med ny tru.

Etter at bødene hadde fantejaga dei tyske bergverksfolka sendte kong Christian III soldatar frå Akershus Festning for å slå ned opprøret. Kongens menn som var bevæpna med fyrrør (børser) blei leia av Hans van Dreysel, truleg ein tysk eller hollandsk offiser. Bøndene var væpna med økser, spjot, sverd og boge. Dei låg i bakhald i den tronge Ambjørndalen mellom Hjartdal og Svartdal.

To danske ”parlamentørar” i full embedsdragt fekk kontakt med bøndene og på vegne av Akershuskomandanten tilbaud dei fred og gode vilkår viss bøndene la ned våpna. Etter ei vankeleg rådslagning fann bondehæren det rett å akseptere tilbodet om tingingar. Frykten for dei nye fyrrøra var stor. Fyrste tysdag etter Olsok la bøndene ned våpna ved Bågålia ikkje langt frå Hjartdal kyrkje. Straks etter blei dei omringa av danske soldatar og tekne til fange. Fem av bøndene sine førar blei avretta og den sjette måtte vere bøddel for å redde livet. Namn som Mannebeinåkeren, Bråråker og Bågålia gjev minne om det som hendte.

Halshogginga og seinare harde bøter følte telebøndane som eit alvorleg svik frå kongen. I deira tradisjon var ”ein mann ein mann og eit ord eit ord. Historikaren Halvtan Kodt meinte at  hendinga i Hjartdal er noko av forklaringa på den utbreidde mistrua mot øvrigheita som har halde seg i øvre Telemark.

 

Hjartdalsbygda ] Spelet om bondeopprøret ]

Send e-post til webmaster@hjartdalsbygda.no med spørsmål om eller kommentarar til dette Web-området.
Copyright © 2003 Hjartdalsbygda
Sist endret: 24 september 2012