Spelet om bondeopprøret

Hjartdalsbygda Opp Bygdesentralen Bygdeblad Aktivitetar Linkar Innhald

 
 

 

 

Opp

 

 

 

 

 

Spelet om Bondeopprøret, i Hjartdal 19.-21.august 2005.

Vi har lenge hatt eit skilt med tekst ”Bondeopprør” ved E134 i Hjartdal. Dei som følgjer skiltet i våre dagar, kan ikkje vente seg mykje liv når dei kjem fram Det vi har, er eit minnesmerke, eit flott minnesmerke laga av Kari Buen, men bønder i opprør ser ein lite til!

Dette er vi på god veg til å gjere noko med. Mange gode krefter er nå i gang med å lage ei teaterframsyning som fortel historia bak ei dramatisk og blodig hending som gjekk føre seg i Hjartdal år 1540.

Det viktigaste for Europa i desse åra må ein vel seie var innføringa av Luthers lære, den såkalla Reformasjonen. Christian 3. av Danmark-Norge tok med glede mot den nye læra, slik dei fleste fyrstane i Europa gjorde. Grunnen til dette kunne vere at han såg at kyrkja trengte ei åndeleg fornying, men han såg vel heller ikkje bort frå at Reformasjonen, som han innførte i 1536, førte til at han, som konge, overtok eigedommar og rettar som Kyrkja hadde hatt. Såleis overtok  han, frå biskop Mogens i Hamar, retten til gruvedrift ved Sundsbarm i Seljord.

Det er da dramatikken begynner for alvor. Tyske bergmenn blei henta inn. Lokalbefolkninga syntest dei tok seg for mykje til rette. Det enda med at bøndene jaga dei vekk. Dette kunne ikkje kongen finne seg i, så han sende soldatar frå Båhuslen og Akershus for å tukte telene. Dei gjekk vegen over Hjartdal, og rekna vel med å måtte gå vidare vestover for å møte dei som skulle tuktast, inntil dei fekk greie på dette:

Ein stor flokk bønder frå Vest-Telemark, Tinn og Hjartdal var  samla i den trange Ambjørndalen, der vegen vidare frå Hjartdal gjekk. Dette var ein strategisk overlegen plass for bøndene, og dei militære begynte å bli nervøse…….

Heng med! Nå går vi tilbake til det som skal skje:

19.-21. august i år kan vi oppleve det som skjedde før, under og etter denne spente situasjonen ved Olsok-tider 1540.

Dei som skal levandegjere desse hendingane er både profesjonelle teaterfolk og amatørar, med Grenland Friteater som ansvarleg for teaterarbeidet.  

Tor Arne Ursin er både manusforfattar og instruktør, Jesper Halle er  dramaturg, scenograf er Hans Georg Andersen frå Teater Ibsen. Komponist er Vidar Ytre-Arne.

Sjefsprodusent er Nicolai Riise og co-produsent Dag Haddal.

Bondeopprørspelet vert for fyrste gong framført i Hjartdal i tunet på Su-Aarhus, 19. - 21. august og vil verta ein årleg tradisjon framover under slåttefestivalen

Øving på stykket begynner 1.august. Har du lyst til å vere med som statist, bør du møte til kurs med instruktøren på Granvin i Seljord 2.og 3.april.

Kurset begynner kl.10.30 på laurdag, og du kan møte opp om du ikkje har meldt deg på før.

Ein har bruk for folk i alle aldrar!

 

Hjartdalsbygda ] Opp ]

Send e-post til webmaster@hjartdalsbygda.no med spørsmål om eller kommentarar til dette Web-området.
Copyright © 2003 Hjartdalsbygda
Sist endret: 24 september 2012