![]()
|
|
Bygda Hjartdal er ei av tre bygder i Hjartdal kommune. Dei andre to bygdene er Sauland (kommunesenteret) og fjellbygda Tuddal. Hjartdal ligg langs E 134, 16 mil frå Oslo, mellom Notodden og Seljord, - i hjarta av Telemark! Under eit bygdemobiliseringsprosjekt kalla ”Eldhusprosjektet” (2003-2006) oppstod omgrepet Hjartdalsbygda, eit grep for å skilje bygda frå kommunen. Hjartdalsbygda er fyrst og fremst kjend for sitt særeige og frodig kulturlandskap. Me har nærbutikk, bensinstasjon, traktorverkstad med utsalg av landbruksutstyr, og Hjartdal Turist- og Bygdesentral.
Hjartdal Turist- og Bygdesentral (på folkemunne, Bygdesentralen) har etter kvart utvikla seg til ein liten næringshage, der m.a. Frivilligsentralen, Kulturlandskapssenteret og andre har kontorlokale. Her kan du få hjelp til å finne fram i bygda med eit særeige kulturlandskap og levande tradisjonar. Døme på tilbod og aktivitetar i bygda;
Her er det ein oversikt over det som skjer i bygda
Er det nokon som har stoff som dei meiner bør ligge der så må de seia i frå til bygdesentralen, eller poste denne infoen til web-ansvarleg. Kontaktinformasjon![]() Ring eller besøk Bygdesentralen for meir informasjon.
|
Send e-post til
webmaster@hjartdalsbygda.no med
spørsmål om eller kommentarar til dette Web-området.
|